Studentdemokratiet
Gjennom studentdemokratiet kan studentar vere med på å utvikle NTNU som utdanningsinstitusjon og arbeide for å gjere studentane si stemme høyrd i saker som gjeld fagleg kvalitet på studia, campus, tilrettelegging, læringsmiljø og liknande.
Studentrådene
Det finst tillitsvalde på alle nivå på NTNU. Programtillitsvalde er tillitsvalde på studieprogrammet ditt. Insituttillitsvalgte er tillitsvalde på instituttet ditt, og fakultetstillitsvalde på fakultetet. Instituttillitsvalde og fakultetstillitsvalde sit saman i Studentrådet på fakultetet sitt.
Studentrådet AD
-
Studentrådet AD er studentrådet som arbeider for studentar på fakultet for Arkitektur og Design. Problem med forelesar? Ikkje nok plas på sal? Opplevd trakassering eller mobbing? Ta kontakt med tillitsvalde din!
Studentrådet blir leidd av 4 fakultetstillitsvalde og består av instituttillitsvalde i Trondheim og Gjøvik.
-
Studentrådet HF
-
Dei instituttillitsvalde og fakultetstillitsvalde studentane er medlemmer av Studentrådet HF, der dei fakultetstillitsvalde arrangerer og leier møta. På desse møta blir det teke opp saker som gjeld dei tillitsvalde. Dette kan vera sak frå eit institutt, saker som blir jobba med på fakultetsnivå, eller saker frå Studenttinget, Norsk studentorganisasjon, regjeringa, eller NTNU sentralt.
-
Studentrådet IE
-
Dei instituttillitsvalde og fakultetstillitsvalde studentane er medlemmer av Studentrådet IE, der FTVene arrangerer og leier møta. På desse møta blir det teke opp saker som gjeld dei tillitsvalde. Dette kan vera sak frå eit institutt, saker som blir jobba med på fakultetsnivå, eller saker frå Studenttinget, Norsk studentorganisasjon, regjeringa, eller NTNU sentralt.
-
Studentrådet IV
-
Dei instituttillitsvalde og fakultetstillitsvalde studentane er medlemmer av Studentrådet IV, der FTVene arrangerer og leier møta. På desse møta blir det teke opp saker som gjeld dei tillitsvalde. Dette kan vera sak frå eit institutt, saker som blir jobba med på fakultetsnivå, eller saker frå Studenttinget, Norsk studentorganisasjon, regjeringa, eller NTNU sentralt.
-
Studentrådet MH
-
Studentrådet MH er ei samlenemning for de Fakultetstillitsvalgte (FTVer), Instituttillitsvalgte (ITVer) og Studieprogramtillitsvalgte (SPVer) ved fakultetet for medisin og helsevitskap. Studentrådet er det øvste rådsorganet for studentane ved MH-fakultetet, og skal ta initiativ ovanfor administrasjonen og resten av studentdemokratiet ved NTNU i saker som er av prinsipiell betydning for studentane til fakultetet. Studentrådet er forplikta til å jobba for å gjennomføra vedtak frå eventuelle og aktuelle allmøte. SR. har for tida hjelp av ein konsulent som arbeider med ein del av dei administrative oppgåvene, og resten av ansvarsområda blir fordelt som internverv internt i Sr.
-
Studentrådet NV
-
Studentrådet NV representerer studentane på fakultet for naturvitskap. Du kan spørja tillitsvalde din om alt du lurer på med studiekvardagen din. Det er ikkje sikkert dei kan løysa saka for deg, men kan vera nokon som lyttar, og nokon som kan visa deg til nokon som kan hjelpa med saka di.
-
Studentrådet SU
-
Dei instituttillitsvalde og fakultetstillitsvalde studentane er medlemmer av Studentrådet SU, der FTVene arrangerer og leier møta. På desse møta blir det teke opp saker som gjeld dei tillitsvalde. Dette kan vera sak frå eit institutt, saker som blir jobba med på fakultetsnivå, eller saker frå Studenttinget, Norsk studentorganisasjon, regjeringa, eller NTNU sentralt.
-
Studentrådet ØK
-
Tillitsvalde fungerer som eit bindeledd mellom studentane og administrasjonen på NTNU. Kva studentar ein representerer og kva del av administrasjonen ein har kontakt med avheng av kva nivå ein er tillitsvalt på. Ein ITV vil representera studentmassen på sitt høvesvis institutt og ha løpande dialog med instituttadministrasjonen. Følgjeleg vil ein FTV representerer studentmassen på heile fakultetet og formidla stemma til studentane til fakultetsadministrasjonen. Saman utgjer dei tillitsvalde Studentrådet Økonomi og jobbar her saman for å vareta interessene og rettane til studentane.
-